LibreOfficeDev 26.2 Hjelp
Sorterer dataa i det valde feltet eller celleområdet i synkande rekkjefølgje. Tekstfelt vert sorterte alfabetisk og talfelt vert sorterte etter tala.
Dataa i det valde feltet vert alltid sorterte. Eit felt vert alltid vald så snart du set markøren i det. Du kan også sortera i tabellar ved å klikka på kolonneoverskriftene.
Du kan sortera fleire datafelt samtidig ved å velja Data → Sorter og deretter velja fana Sorteringskriterium. Her kan du kombinera ulike sorteringsvilkår.
Ei celleblokk er eit rektangulært celleområde omgjeve av tome celler.
LibreOfficeDev Calc identifiserer ei celleblok som skal sorterast automatisk. Set markøren inne i blokka og sorteringa vert utført straks.
Viss alle cellene i den første rada i ei blokk inneheld tekstceller, vert denne rada oppfatta som overskrift. Sorteringa vert difor utført frå den andre rada viss ikkje alle celleblokkene er tekstceller.
Viss derimot minst éi av cellene i den øvste rada inneheld ein talverdi, eller at alle blokkcellene er tekstceller, vert den første rada ikkje oppfatta som ei overskrift og heile blokka vert sortert.
Sorteringa er brukt på den merkte kolonnen i den første rada i blokka.
Viss den merkte kolonnen er inne i blokka, vil LibreOfficeDev Calc be om at sorteringa vert utvida til dei tilstøytande kolonnane.